| Sak 50/09: |
Godkjenning referat frå møte 04/09.
Vedtak:
Referat frå møte 04/09 godkjent uten merknad.
|
| Sak 51/09: |
Rekneskap 3. kvartal 2009.
Vedtak:
Rekneskapen pr. 3. kvartal teken til etteretning.
|
| Sak 52/09: |
Søknad Norsk Fjordhestsenter kr. 20 000,-
AS Norsk Fjordhestsenter har søkt om tilskot på kr. 20 000,- til marknadsføring av seminprosjekt.
Vedtak:
Styret yter kr. 20.000,- til marknadsføring av seminprosjekt. Midlane blir henta frå tildelte avlsmidlar. Det blir samtidig utarbeidd søknad til Hestehjelpkassa i samarbeid Norsk Fjordhestsenter.
|
Sak 53/09: |
NM Fjordhest 2010
Ørsta Ride og Køyreklubb har søkt Norges Fjordhestlag om å få arrangere NM Fjordhest 2010.
Vedtak:
Ørsta Ride og Køyreklubb i samarbeid med Ørsta/Volda Fjordhestlag blir tildelt NM Fjordhest 2010.
|
| Sak 54/09: |
Grenutvalg Rytterforbundet.
Michelle Svae orienterte om saka.
Vedtak:
Norges Fjordhestlag ynskjer å halde fram slik det er i dag då det fungerer bra, men vil også gjerne delta i samarbeid med dei andre særnorske rasane.
Ut frå det blir det halde eit møte mellom dei 3 norske, for deretter å ta samla kontakt med Rytterforbundet. Michelle bringer saka vidare på vegne av NFL.
|
| Sak 55/09: |
Transportstøtte utvida bruksprøve 2009.
Framlegg til vedtak:
Leiar i avlsutval og styreleiar får fullmakt til å fordele transportstøtte for dei som møtte på utvida bruksprøve 2009.
|
| Sak 56/09: |
Kåringsdommarar 2010.
Norsk Hestesenter ynskjer framlegg på kåringsdommarar for fjordhest.
Vedtak:
Norges Fjordhestlag har følgjande framlegg til kåringsdommarar for 2010:
Nils Ivar Dolvik, leiar.
Kari Anne Indrebø
Arne Hjelmeland
Live Enerhaugen
Arne Eide
Dagfinn Gjøstein
Reidar Eiliv Time
Guri Haarr.
Dei kåringsdommarar som vert oppnemnt av NHS vert også internasjonale dommarar for 2010. Vedtaket vert å oversende NHS og FHI:
|
| Sak 57/09: |
Godtgjersle køyring til styremøter.
Køyregodtgjersle for styret og interne utval vart i sak 35/07 sett til kr. 3,- pr. kilometer i samband med møter.
Satsen blir teken opp til ny vurdering.
Vedtak:
Styret vedtok ingen endringar når det gjeld kilometersats ved køyring til møter for styret og interne utval.
|
| Sak 58/09: |
Retningslinjer reiser til styremøte ved andre arrangement.
Det har vore uklarheiter omkring godtgjersle av reiser til styremøter ved arrangement der styremedlemer av ulike årsaker er tilstades likevel.
Vedtak:
Eit styremedlem har rett til å få dekka reisa til styremøte, alternativt overnatting eitt døgn. Men om det blir gjeve lokalt tilskot til reisa ved eks. deltaking i NM blir dette å trekke frå. Det blir prioritert så langt det er muleg å ha styremøta ved større arrangement, eks. NM og Årsmøtet for å unngå ekstra kostnader.
|
| Sak 59/09: |
Vedrørande val av navn på hest. Brev frå NHS
Norsk Hestesenter har fått inn namneforslag som i utgangspunktet ikkje er tradisjonelle norske namn på hestar. Dei ynskjer ein uttale frå raseorganisasjonen på kva som kan aksepterast.
Vedtak:
Styret sende over brevet til avlsutvalet for uttale, og på bakgrunn av det vart følgjande vedtak gjort:
1. Namna skildra i dette punktet bør ikkje godkjennast av di dei ikkje framstår som norske.
2. Einskilde hoppenamn bør ikkje ha krav på særskilt vern, då det vil vere viktigare å behalde namna norske.
3. Det bør kunne innførast eit system med vern av oppdrettarnamna slik at oppdrettarane kan få høve til å bygge si eiga merkevare, og slik gjere sitt produkt meir eksklusivt for marknaden.
|
| Sak 60/09: |
Restopplag ”Fjordhesten i Noreg”
Norges Fjordhestlag har fått tilbod frå Tun Forlag om å overta restopplaget på ”Fjordhesten i Noreg”, ca 1300 eks.
Vedtak:
Styert legg fram for deltakarane på Haustmøtet om der kan vere lokallag som har interesse for å vidareselje mot ein provisjon dei sjølve set. Avgjerd om kjøp av restopplag blir bestemt etter den responsen ein der får.
|
| Sak 61/09: |
Budsjett og arbeidsplan aktivitetsutvalet
Leiar aktivitetsutval Cassandre Back-Gansmo har utarbeidd plan og budsjett for aktivitetsutvalet.
Vedtak:
Det blir lagt inn i budsjettet ein sum på kr. 10 000,- til disposisjon for aktivitetsutvalet.
|
| Sak 62/09: |
Budsjett 2010 NFL
Budsjett for Norges Fjordhestlag er utarbeidd på bakgrunn av rekneskap 3. kvartal.
Budsjettet blir revidert på første styremøte i 2010 når årsresultatet 2009 ligg føre.
Vedtak:
Budsjettet for 2010 vedteke i balanse før renteinntekter ut frå det som vart drøfta på styremøtet. Revisjon på første styremøte 2010.
|
| Sak 63/09: |
Tildeling avlsmidlar 2009.
Vedtak:
Styret fekk ikkje høve til endeleg tildeling av avlsmidlar 2009 då alt grunnlagsmaterialet ikkje låg føre. Dette blir fastsett via epost/telefon innan rapporteringsfristen.
|
| Sak 64/09: |
Bruk av avlsmidlar 2009 . Rapport til NHS.
Vedtak:
Styreleiar og sekretær får fullmakt til å utarbeide rapport ut frå dei vedtak som blir gjort i sak 63/09 og etterfølgjande vurderingar.
|
| Sak 65/09: |
Søknad om avlsmidlar 2010.
Vedtak:
Styreleiar og sekretær får fullmakt til å utarbeide søknad om avlsmidlar ut frå innstilling frå avlsutvalet og innspel frå haustmøtet.
|
| Sak 66/09: |
Forskningsprosjekt semin.
Norsk-svensk forskningsprosjekt på sæd-kvalitet fjordhest.
Norsk Fjordhestsenter delaktig i det prosjektet.
Vedlagt notat frå styringsgruppe seminprosjekt.
Vedtak:
Styret ser veldig positivt på dette forskningsprosjektet, og vil bidra ved å ta kontakt med hingsteeigarane for å få til ei best muleg praktisk gjennomføring av prosjektet.
Styret vil oppmode NFHS om å søkje om midlar utanom avlsmidlane for å dekke opp ekstrautgifter ved tapping av hingstar, eks.genressursutvalet og forskningsmidlar for øvrig.
Eit utval beståande av eit styremedlem, ein repr. frå kvart av dei nærliggande distrikts- og lokallag, og ein frå avlsutvalet blir satt ned for å styrke samarbeidet med Fjordhestsenteret.
|
| Sak 67/09: |
Diplomer BUF og oppdrettarpris.
Korleis premiere BUF og beste oppdrettar ved NM?
Vedtak:
Aktivitetsutvalet får i oppdrag å utarbeide diplomer som kan brukast som premiering når det gjeld BUF og oppderttarpris ved NM.
|
| Sak 68/09: |
Avtale Agria
Vedtak:
Styret utarbeider ein oversikt over aktivitet, og antal dyr som har delteke i dei arrangement som gjev grunnlag for tilskot.
Rapport om dette sendes Agria Forsikring snarast.
|
| Sak 69/09: |
Fjordhestappell
I ein e-post tidlegare i 2009 kom det innspel på ein appell som kunne nyttast for å verve nye medlemar.
Vedtak:
Styret set pris på initativet som kom, og vil oppmode initiativtaker, gjerne i samråd med andre, å arbeide vidare med ein appell som NFL kan nytte.
|
| Sak 70/09: |
Fjordhesten gjennom tidene. Særtrykk.
NFL har fått inn tilbod på trykking av Tor Nestaas sin serie om ”Fjordhesten gjennom tidene.
Vedtak:
Styret går inn for å gje ut ”Fjordhesten gjennom tidene” som særtrykk i A5 format i henhold til innkome tilbod. Styreleiar held kontakt med forfattar og forlag med omsyn til praktisk utforming og gjennomføring.
|
| Sak 71/09: |
Innslag Oslo Horse Show 2010.
NFL har fått innspel om eit innslag med 6-spann under Oslo Horse Show 2010.
Vedtak:
Styret ser positivt på dette tiltaket, og om det vert realisert så vil NFL yte kr. 2000,-i tilskot.
|
| Sak 72/09: |
Søknad frå Siri Falck Orstad.
Ny søknad frå Siri. Fekk positivt svar i 2009, men ikkje høve til å starte.
Vedtak:
Styret sender søknaden frå Siri Falck Orstad over til aktivitetsutvalet for vurdering.
|