| Sak 33/09: |
|
Godkjenning av referat møte 03/09.
Vedtak:
Referat frå møte 03/09 godkjendt.
|
| Sak 34/09: |
|
Rekneskap 1.halvår 2009.
Sekretær gjekk gjennom rekneskap 1. halvår. Den viser at ein ligg under det resultat som var budsjettert.
Vedtak:
Rekneskapen 1.halvår 2009 vert teken til etterretning.
Grunna fråfall av bladannonser første halvåret vil styret prøve å få inn nye til dei 2 siste blad for 2009.
|
| Sak 35/09: |
|
Rekneskapsføring FHI .
For å kompensere for meirarbeid ved rekneskapsføring for FHI har NFL lagt inn i budsjettet for 2009 ei godtgjersle på kr. 4500,-.
Vedtak:
FHI vert å fakturere med kr. 4500,- pr. år for rekneskapsføring.
|
| Sak 36/09: |
|
Rekneskapsføring Fokus Unghest.
For å kompensere for meirarbeid ved rekneskapsføring for prosjektet Fokus Unghest har NFL lagt inn i budsjettet for 2009 ei godtgjersle på kr. 3500,-.
Vedtak:
Prosjekt Fokus Unghest vert å belaste kr. 3500,- for rekneskapsføring.
|
| Sak 37/09: |
|
Styremedlem Norsk Fjordhestsenter
Kjell Aardal har sete som NFL sin representant i styret ved Norsk Fjordhestsenter, med Magne Hus som vara. Aardal ynskte ikkje å stille for ein ny periode.
Vedtak:
Magne Hus blir vald som NFL sin representant i styret ved Norsk Fjordhestsenter med Gunnar Bruland som vara.
|
| Sak 38/09: |
|
Signaturrett sekretær.
Nyordning i Posten der ein kan få tildelt kort til bruk ved utsending av brev/pakker og fakturering av dette ein gong i månaden vil lette arbeid for sekretær betydeleg. Men dette krev at sekretær har signaturrett registrert i Brønnøysundregistrene.
Vedtak:
Sekretær får tilkjent signaturrett i einingsregisteret i Brønnøysund.
Dette blir rapportert ved endringsmelding i samband med nye opplysningar etter årsmøtet 2009.
|
| Sak 39/09: |
|
Arbeid med avlsplan.
Knut R. Thunheim orienterer om status og det som no står att vedrørande revisjon av avlsplan.
Vedtak:
Styret vil be Norsk Hestesenter om at ferdig tekst i avlsplan for fjordhest blir sendt styret i Norges Fjordhestlag for gjennomlesing før endelig godkjenning blir vedteken.
|
| Sak 40/09: |
|
Brev frå NHS til avlsorganisasjonane.
Brev frå NHS angåande avkomsvurdering er sendt avlsutvalet i NFL med innstilling til behandling på styremøtet.
Vedtak:
Styret stiller seg bak avlsutvalet si vurdering med mindre endringar.
Svar vil bli sendt Norsk Hestesenter innan 1.aug. med innstilling frå Norges Fjordhestlag om kva som bør ligge til grunn ved avkomsgransking.
|
| Sak 41/09: |
|
Rosetter ved utstillingar
Brev frå Hans Erling Moholt med framlegg til å få ein lik praksis innafor dei 3 særnorske rasane når det gjeld utdeling av rosettar på utstillingar.
Vedtak:
Styret stiller seg positive til framlegget frå Hans Erling Moholt. I utgangspunket skal den delast ut for ekstra kvalitet, minst 9 i rasetype/preg og ikkje lågare enn 8 i dei øvrige karakterane. Endeleg ordning blir drøfta på fellesmøtet i Sikkisdalen i august
|
| Sak 42/09: |
|
Test av 4-års hingstar på Eid.
Gunnar Bruland orienterte om årets test. Som del av testpersonellet 2009 etterlyste han betre førebuingar, klarare testmål og krav til testpersonell.
Vedtak:
Styret ynskjer at det blir stilt krav og dokumentasjon for testpersonell, og at desse får ein klar plan for testen, samt at det blir ført logg for testen.
Leiar vil få i stand eit møte med Norsk Hestesenter ved Tore Kvam, og det vil også bli teke opp til drøfting på møtet i Sikkisdalen.
|
| Sak 43/09: |
|
Haustmøtet 2009.
Endeleg fastsetting av program på Haustmøtet 2009.
Vedtak:
Endeleg program for haustmøtet vart vedteke. Justering av tidsplan vil bli føreteke i samråd med ordstyrar. Programmet vil så bli lagt ut på nettet, og kome i bladet nr. 3.
|
| Sak 44/09: |
|
Informasjon medlemar.
Det vart etter haustmøtet 2007 sett ned ei gruppe som skulle koordinere informasjon ut til medlemane på heimeside og i bladet. Dette har dessverre ikkje fungert etter hensikten.
Vedtak:
Kvar og ein som sit med info må bli flinkare å få det ut. Kristian og Berit tek kontakt med webmaster om korleis ein reint praktisk kan gjere det lettare å få ut informasjon.
|
| Sak 45/09: |
|
Driftsavtale seminstasjon.
Ved prøveprosjektet med oppstart av semin ved Norsk Fjordhestsenter vart det oppretta ei driftsavtale for 2005 – 2007. Denne var det intensjon om å evaluere etter 2007. M.a. har det i åra etter 2007 blitt etterlyst kompensasjon på kr. 300,- til lokallag der hoppeeigarane gjorde seg nytte av semintilbodet.
Vedtak:
Styret vil ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter og få i stand ein ny driftsavtale når det gjeld seminstasjonen. Inntil denne avtalen er klar vil det bli utbetalt kr. 300,- pr. inseminert hoppe til det fylkes-,distriktslag der hoppa kjem frå,under føresetnad av at hoppeeigar er medlem av Norges Fjordhestlag.
|
| Sak 46/09: |
|
Støtte NM 2009.
Norges Fjordhestlag har fått førespurnad om støtte til NM Fjordhest 2009.
Vedtak:
Norges Fjordhestlag yter kr. 5000,- som støtte til NM Fjordhest 2009, samt
kr. 2000,- som ekstra ved at dei tok arrangementet også i 2009.
I tillegg kjem gåvepremiar som ein del av nylig inngått avtale med Agria Forsikring.
|
| Sak 47/09: |
|
Oppdrettarpris – vidareføring.
Styret gav NM 2008 ei ramme på kr. 1000,- til oppdrettarpris, og bad arrangøren utarbeide retningslinjer for dette. Dette skulle så evaluerast med tanke på vidareføring.
Vedtak:
Styret ynskjer å vidareføre ordninga med oppdrettarpris og yter kr. 1000,- til dette ved NM Fjordhest 2009.
|
| Sak 48/09: |
|
NM 2010.
Status angåande arrangør av NM 2010.
Vedtak:
Pr. dato har ein ikkje arrangør av NM Fjordhest 2010. Aktivitetsutvalet vil arbeide vidare med dette, og det vil bli teke opp på deltakarmøtet under NM 2009 med anmodning til lag om å vurdere arrangementet. Arrangør 2010 må vere klar snarast muleg.
|
| Sak 49/09: |
|
Invitasjon Australia.
Karl Vie har fått invitasjon til Australia i samband med utstilling jan.2010.
Orientering om innhald og kostnadsramme.
Vedtak:
Karl Vie vil ta kontakt med Australia angåande prinsipielle spørsmål når et gjeld kostnadane ved ein slik invitasjon.
Dersom ein kjem til ein overkomeleg avtale når det gjeld dette, blir Karl Vie autorisert som representant for Norges Fjordhestlag. |