UTVIDA BRUKSPRØVE FOR FJORDHINGSTAR 2009
.
Skrevet av: Asle Espe
Publisert: 01.02.2009
Oppstart av utvida bruksprøve på Norsk Fjordhestsenter mandag 30.mars
Frammøte vil bli søndag 29.mars der alle hingstane skal visast i ridning og køyring. 9 hingstar vart kåra i tre årsklassa på hingsteutstillinga på Nordfjordeid 2008, og alle har meldt frå om at dei kjem til utvida bruksprøve. Her er lista over hingstane:

FLORIAN N-05-2727 eigar Sigmund Nesvik,Vigrestad
HEROS N-05-2517 eigar Ørsta/Volda fjordhestlag
SELMER FREDRIKSON N-05-2557 eigar Sigmund Nesvik
SMEDSMO SIVERT N-05-2701 eigar Stine Bjørnstad , Brumunddal
TIM N-05-2576 eigar Lars Helge Rise, Sæbø
MERINAS EMIL N-05-2627 eigar Karin Kleppe, Innvik
TERNE PRINS N-05-2565 eigar Øystein Høvik, Ytre Arna
ETNEGUTTEN N-05-2645 eigar Hanne Sandven, Kalandseidet
BENTEN N-05-2637 eigar Nordfjord Fjordhestlag

Ser ein på fedrene til desse hingstane har danskfødde Frederik Skovå tre søner inne til test og det er Florian, Heros og Selmer Fredrikson. Hermanto som sjølv var inne til test i 2005 har med sønene Smedsmo Sivert og Tim.To søner har også Knapstadprinsen og det er Merinas Emil og Terneprins. Mykletind har ein son Etnegutten med i år, medan han hadde to med på testen i 2008. Sveiar har ein son med og det er Benten.
Hingstane skal gjennom ein 5-vekers test der eksamensdag blir torsdag 7. mai. Hingstane skal testast i ridning og køyring der framferd,kapasitet og utvikling vert vurdert. Lynnet,rørsler og evna til samarbeid blir lagt vekt på. Formålet med testen skal vere å registrere visse arvbare eigenskapar under så like forhold som mogleg.



  Klikk her for en printervennlig versjon av denne artikkelen 
(Åpner seg i et nytt vindu)
 

Tips en venn om denne artikkelen:

Ditt navn: Din 
e-postadresse:
Din venns 
e-postadresse: